torsdag 15. mai 2014

Om Prosjekt Vidsyn

Prosjekt Vidsyn hadde som mål å gjere folkebiblioteka i Hordaland til betre bidragsytarar til inkludering, integrering og mangfald. Prosjektet oppfylte strategi 3.3 i Fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2007-2010, og fekk tilskot frå ABM-utvikling i 2008.

I prosjektperioden vart prosjektet leia av Anne Mette Lie. Prosjektansvarleg var Elin Golten, og i prosjektgruppa var Trude Bendiksen og Marit Gro Berge. Prosjektet var eit samarbeid mellom Hordaland fylkesbibliotek, Lindås folkeboksamling og Fjell folkeboksamling.

Vidsynbloggen blir ikkje lenger oppdatert. Kontakt: elin.golten@hfk.no

onsdag 25. april 2012

Nytt møte i Fleirkulturelt biblioteknettverk 8. mai

Tirsdag 8. mai blir det nytt møte i Flerkulturelt biblioteknettverk. Tema er Biblioteket som møteplass i et flerkulturelt samfunn.

Foredragsholdere er Ragnar Audunson, Sophie Essmat og Gunhild Aalstad. Ragnar Audunson, professor ved Høgskolen i Oslo og Akershus, har i flere år vært leder av prosjektet PLACE (Public Libraries – Arenas for Citizenship) Meeting Place in a Digital and Multicultural Context. Sophie Essmat, leder av NBFs Spesialgruppe for flerkulturelle bibliotektjenester, er bibliotekar ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Hun har skrevet masteroppgaven ”Biblioteket som møteplass for innvandrerkvinner?”. Gunhild Aalstad er fylkesbiblioteksjef ved Oppland fylkesbibliotek. Hun presenterer prosjektet "Bibliotekene som globale døråpnere".

Møtet blir i Foredragssalen på Deichmanske hovedbibliotek, Arne Garborgs plass 4.

Les programmet her

mandag 26. september 2011

Russlandia-utstilling frå Det flerspråklige bibliotek

Det flerspråklige bibliotek gjev no tilbod om at biblioteka kan låne utstillinga Russlandia, som består av bøker på norsk, russisk og engelsk, i tillegg til gjenstander og plakater. I utstillingspakka ligg også ved flotte illustrerte bøker om russisk mat, samt godteri og russiske kjeks.

For å bestille utstillingen, ta kontakt med Gulnara Bakke på tlf. 23 43 29 60 / gulnara.bakke@kul.oslo.kommune.no

Les meir om Russlandia-utstillinga

fredag 24. juni 2011

Referat frå møtet i Fleirkulturelt biblioteknettverk

7. juni 2011 var det møte i Fleirkulturelt biblioteknettverk på Deichmanske bibliotek i Oslo. Hovedtema for møtet var "Innvandreres digitale kompetanse". Hordaland var representert med Anne Berit Helland frå Bergen offentlege bibliotek, som har skrive referat frå møtet. Les referat frå møtet i Fleirkulturelt bibl.nettverk 7. juni 2011

torsdag 5. mai 2011

Møte i fleirkulturelt biblioteknettverk 7. juni

Det blir møte for medlemmer i Flerkulturelt biblioteknettverk tirsdag 7. juni 2011 på Deichmanske hovedbibliotek.

Hovudtema for møtet vil vere den digitale kompetansen hjå innvandrarar. Anna Hallberg og Viveka Hallberg frå Sverige vil dele av sine erfaringar med dataopplæring for minoritetsbefolkninga. I tillegg vil VOX fortelje om den høgaktuelle rapporten ”Innvandrere på nett: en analyse av innvandreres digitale kompetanse”.

Hordaland blir representert på møtet ved Anne Berit Helland som arbeider med fleirspråklige bibliotektenester ved Bergen offentlige bibliotek.

mandag 14. februar 2011

Tospråkleg snakkande ordbok

"Min tospråklige snakkende ordbok" er ei ny og fargerik bildeordbok som ligge føre med parallelltekst på elleve ulike språk, alle med norsk som det eine språket. Boka finnes på arabisk, kurdisk (sorani), persisk, polsk, russisk, somali, tamil, thai, tyrkisk, urdu og vietnamesisk.
Boka inneheldt 650 vanlege ord og omgrep inndelte etter tema som mellom anna familie, klær, mat, dyr og årstider. Ordboka kan også brukast saman med ein snakkande penn. Den snakkande pennen les opp teksten på begge språk som er representert i ordboka.
Les meir om og evt bestill tospråklege barnebøker frå DFB.

onsdag 3. november 2010

IMDI-magasin om familieinnvandrande kvinner

IMDI (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) har laga eit magasin om familieinnvandrande kvinner. Magasinet skal gjere kommunale tenesteytarar bevisste på kva denne gruppa treng av informasjon, kva utfordringar dei møter, og kva kvinnene sjølve meiner er viktig for å få eit godt liv i Noreg.
Meir informasjon om magasinet
IMDI-magasinet 2010 "Endelig sammen" (pdf)