mandag 15. desember 2008

Lån flotte eventyrposer til biblioteket!


Det fleirspråklege bibliotek har utvikla to eventyrposer på ulike språk. Dei flotte posene inneheldt eventyrbøker på fleire språk, lydbok og dukker. Dei har valgt ut to kjende eventyr som er mykje brukt i barnehagar og på småskuletrinnet; Gullhår og dei tre bjørnene og Dei tre bukkene Bruse.

Posene er tenkt utlånt til bibliotek og barnehagar. Fjell Folkeboksamling har lånt desse posane, og kan anbefale andre bibliotek til å gjere det same!

Klikk her for å LÅNE



Gullhår og dei tre bjørnene

lørdag 13. desember 2008



Generelt om prosjektet

Prosjekt Vidsyn er Hordaland fylkesbibliotek si fleirkulturelle satsing i Mangfaldsåret 2008, og gjennom deltaking i prosjektet vil folkebiblioteka vere med på å oppfylle målet med at kulturlivet i Noreg i større grad skal gjenspegle kulturelt mangfald.Det er ei grunnleggande utvikling at samfunnet vi lever i i aukande grad blir eit multikulturelt samfunn, noko som også påverkar biblioteka sin arbeidskvardag. Prosjekt Vidsyn skal vere ein ressurs og eit arbeidsverkty i bibliotekkvardagen, og såleis ei hjelp til biblioteka kring eit tema som er aktuelt for alle.
Prosjektet Vidsyn har fått tilskot frå ABM-utvikling i 2008. Prosjektet er kome i stand som eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, Lindås folkeboksamling og Fjell folkeboksamling, og er i tråd med strategi 3.3 i ”Biblioteka i Hordaland, Fylkesdelplan 2007 – 2010”.