onsdag 3. november 2010

IMDI-magasin om familieinnvandrande kvinner

IMDI (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet) har laga eit magasin om familieinnvandrande kvinner. Magasinet skal gjere kommunale tenesteytarar bevisste på kva denne gruppa treng av informasjon, kva utfordringar dei møter, og kva kvinnene sjølve meiner er viktig for å få eit godt liv i Noreg.
Meir informasjon om magasinet
IMDI-magasinet 2010 "Endelig sammen" (pdf)

tirsdag 21. september 2010

Stor nasjonal konferanse i Bergen om integrering

For å heve kompetansen til tilsette i førstelinetenesta, skipar Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) til ein stor nasjonalt konferanse i Bergen 18. og 19. november om integrering. Hordaland fylkeskommune blir breidt representert på konferansen. Konferansen har fått tittelen "I samme båt. Tilrettelegging for integrering.
Meir informasjon, program og påmelding finn du her

mandag 20. september 2010

Arabisk-norsk litteraturkveld ved Bergen Offentlige Bibliotek

Bergen offentlige bibliotek ønskjer velkomen til arabisk-norsk litteraturkveld tirsdag 28. september kl 19:00. Då kjem Manal Al-Sheikh og Safaa Alwan som begge er fribyforfattarar, henholdsvis i Stavanger og Skien. På programmet står diktopplesing, samtale og fotoutstilling (ved Safaa Alwan). Medverkande er også fribyforfattarane i Bergen, Ayaz Khonsyawashan og Hossein Heidary.

Gratis inngang, lett bevertning.
Les meir om arrangementet.

Illustrasjon Håvard Legreid

fredag 10. september 2010

Norskkurs på internett



Det flerspråklige bibliotek (DFB) har inngått avtalar med Fagbokforlaget og Cyberbook om utlån av nettbaserte norskkurs. Kursa er mykje nytta i vaksenopplæringa rundt i landet.
Avtalane gjev også folkebiblioteka høve til å kjøpe eigne utlånslisensar til reduserte prisar. På grunn av det store behovet for norskkurs, oppmodar DFB biblioteka om å kjøpe eigne lisensar, Prisen for ein lisens er kr 450. Ein lises varar i eitt år, og kan berre nyttast av ein person av gongen.

fredag 27. august 2010

Det mångspråkiga Biblioteket

I Västra Götalandsregionen i Sverige pågår det eit EU-prosjekt finansiert av Det europeiske sosialfond (ESF). Prosjektet ber namnet "Det mångspråkiga biblioteket - utveckling av interkulturella mötesplatser" og blir leia frå Väst Regionbiblioteket. Prosjektet er eit kompetanseutviklingsprosjekt for bibliotektilsette. Besøk gjerne bloggen til prosjektet for meir informasjon.

fredag 6. august 2010

Ny i Norge - som bok eller på nett


Boka "Ny i Norge" er utarbeidd for arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmer. Boka tek sikte på å gje viktig informasjon om det norske samfunn med opplysningar frå offentlege etatar og rettar og pliktar, praktiske råd og tips.
Boka er utgitt av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og er tilgjengeleg på polsk, engelsk og norsk.
Bestill bok kostnadsfritt frå IMDI på bestilling@imdi.no, eller les boka på nett på http://www.nyinorge.no/

torsdag 24. juni 2010

Leseåret 2010 - tiltak retta mot minoritetsspråklege i Hordaland

To bibliotek i Hordaland har fått tilskot frå ABM-utvikling til kvar sitt prosjekt i Leseåret 2010, begge retta mot minoritetsspråklege.
Kvinnherad bibliotek vil motivere til lesing blant minoritetsspråklege elevar i innføringsklasse i ungdomsskule/ VGS. Prosjektet har tittelen "Nye i Kvinnherad les!" og inneber forfattarbesøk med Amal Aden i innføringsklassen, samt ope arrangement med forfattaren i biblioteket.
Sund folkebibliotek har kalla sitt prosjekt "Innvandrerkvinner. Les for barnet ditt", og har fokus på å bevisstgjere og stimulere minoritetsspråklege foreldre til å lese høgt for borna sine heime. Tiltak i prosjektet er mellom anna lesesirkel, bokpresentasjon og forfattarbesøk.

mandag 22. februar 2010

Morsmålsdagen 21. februar 2009

Søndag 21. februar var det den internasjonale morsmålsdagen - innstifta av UNESCO i 1999.
Informasjon om morsmålsdagen.


Det kan vere verdt å kikke på temasida http://www.morsmal.no/ som er under utvikling som eit norsk-svensk samarbeidsprosjekt, primært for morsmålslærarar, men også for foreldre, elevar og andre interesserte. Nettsida www.morsmal.no er eit resultat av Stortingsmelding 23 (2007-2008) Språk bygger broer.