onsdag 23. september 2009

Arabiautstilling i Kinsarvik

Kinsarvik bibliotek har no Arabia- utstilling som me har lånt frå det fleirspråklege bibliotek.Utstillinga inneheld eit utval arabiske bøker på norsk, engelsk og arabisk, plkatar med informasjon om arabisk språk og arabarar og ikkje minst tre flasker med arabisk parfyme og to posar med godteri. Det siste får mange til å gå oppsøkja utstillinga og bli interesserte.





Kunstutstilling i Ullensvang


23.09. opna biblioteket ei utstilling med bilete av Mustafa Al Bayati. Mustafa kom til Noreg for omlag 10 år sidanog bur no i Kinsarvik. Onkelen hans var den kjende irakiske poeten Abdul Wahab Al Bayati (1926–1999) som levde mykje av livet i eksil. Bileta er inspirerte av hans dikt.

onsdag 2. september 2009

Kurdiske og norske forfattarar på Bergen Off. Bibliotek

Dei norske forfattarane Frode Grytten, Pedro Carmona-Alvarez og Odveig Klyve møter dei to fribyforfattarane i Bergen Ayaz Khonsyawashan og Hossein Heidary til ein litterær heilaften! I tillegg har vi invitert dei velrenommerte kurdiske poetane Nazand Begikhani (Frankrike/England) og Baroj Akrayi (Stockholm). Sjå plakat

Tid og stad: 9. september, kl. 19.30, Hovedbiblioteket, Strømgaten 6.
Gratis inngang, ope for alle! Velkomen til ein spanande litteraturkveld på biblioteket!