onsdag 24. juni 2009

Velkomen til biblioteket - roll-up

Fylkesbiblioteket har fått laga ein roll-up (sjå eksempel på roll-up) med same utforming og innhald som Velkomen til biblioteket-plakaten. Roll-upen er til utlån for folkebiblioteka i Hordaland, til dømes til bruk ved arrangement eller for å profilere biblioteket sine fleirkulturelle tenester. Dersom ditt bibliotek ønskjer å låne denne, ta kontakt med elin.golten@post.hfk.no

onsdag 10. juni 2009

Velkomen til biblioteket - på 26 ulike språk!


Gjennom prosjektet er det blitt utforma plakat og bokmerke med "Velkommen til biblioteket" - og velkommen på 26 ulike språk. Filene til plakat (pdf) og bokmerke (pdf) kan lastes ned i format klar til trykking. Folkebiblioteka i Hordaland vil få dette materialet tilsendt per post. Alle andre bibliotek er velkomne til å laste ned filene, og ta i bruk plakat og bokmerke.

tirsdag 9. juni 2009

Bibliografi

I prosjektet har vi laga ein bibliografi (pdf) som skal vere eit utgangspunkt for korleis biblioteka kan nytte nytt materiale og eksisterande samlingar til å setje saman utstillingar som har som mål å:
1. Gje informasjon om Noreg, og auke forståing for norsk kultur og samfunn.
2. Gje informasjon om andre (spesifikke) land, og auke forståing for kultur og samfunn i dette landet.

Slik kan biblioteket sine samlingar aktivt nyttast for å auke sosial og kulturell forståing.

søndag 7. juni 2009

Kontakt med mottaksapparatet i kommunen

Fjell kommune har vore forsøkskommune i prosjektet, og har oppretta kontakt med mottaksapparatet flyktningar og innvandrarar i sin kommune (introduksjonsavdelinga). Som tips og inspirasjon til andre kommunar som skal setje i gang med eit slikt samarbeid, finn de her eksempler på Presentasjon av biblioteket i ein introduksjonsklasse (pdf) og Opplegg for bibliotekbesøk for introduksjonsklasse (pdf).

fredag 5. juni 2009

Bibliotekbrosjyrer på mange språk

Vi har nytta logoen for Vidsyn saman med informasjonstekst om biblioteka sine tenester - teksten er utarbeidd av Det flerspråklig bibliotek. Dette har resultert i ferdig utforma bibliotekbrosjyrer på mange språk albansk, arabisk, bosnisk, finsk, fransk, russisk, somali, spansk, tyrkisk, vietnamesisk og norsk (alle i pdf).