torsdag 10. desember 2009

Felleskjøpet 2010 - kjøp bøker på minoritetsspråk

Felleskjøpet er eit årleg tilbod frå Det flerspråklige bibliotek (DFB) til folke- og skulebibliotek. Tilbodet går ut på innkjøp av bøker på minoritetsspråk, og gjev biblioteka høve til å byggje opp eigne samlingar på dei språka som er mest etterspurt. Nytt av året er bøker på det afganske språket dari.

DFB tilbyr biblioteka eit utval aktuelle titlar til konkurransedyktig pris. Utvalet blir gjort av bibliotekarar ved DFB i samarbeid med deira språkkonsulentar. Bøkene blir tilbudt som ferdige pakkar, og blir levert fraktfritt og ferdig katalogisert. Meir informasjon og bestillingsskjema

torsdag 22. oktober 2009

Utstilling med Den lille prinsen på mange språk

Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry er ei av verdas mest selde bøker. Sjølv om boka tilsynelatande er for born, tar den opp mange tema som er minst like interessante for vaksne.

Det flerspråklige bibliotek tilbyr biblioteka ei utstilling med Den lille prinsen på mange språk. I tillegg til bøker følgjer det med flotte gjenstander og plakatar med motiv frå boka. Det er to utstillingspakkar på ca 20 bøker kvar, og dei er klare for utlån i midten av november. Du kan reservere utstillinga allereie no. Utsending vil vere etter "førstemann til mølla"-prinsippet. Utlånstida er fire veker. For meir informasjon eller bestilling, kontakt Drifa Gudmundsdottir på tlf. 23 43 28 58 eller e-post drifa.gudmundsdottir@kul.oslo.kommune.no

tirsdag 20. oktober 2009

Nyttige nettstader

Det flerspråklege bibliotek lanserte ny nettstad 9. oktober. Her finn du nyttige bibliotektenester i ny drakt: http://dfb.deichman.no/

Du finn nettstaden for NBF si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester - FlerKult her: http://www.flerkult.no/ Flerkult har også ein Ressursbank på sine nettsider, der du kan finne tips og råd i samband med fleirkulturelle bibliotektenester.

mandag 5. oktober 2009

Mange kom for å møte kurdiske og norske forfattarar

Ca. 75 menneske med kurdisk, iransk og norsk bakgrunn fylte musikkavdelingen i Bergen Off. Bibliotek kvelden 9.9.09 og fekk møte kurdiske og norske forfattarar.

Sjå bilete frå arrangementet.

Dei to fribyforfattarane i Bergen, Ayaz Khonsyawashan og Hossein Heidary, er kurdarar frå Iran. Fribyorganisasjonen Icorn har igangsatt eit stort EU-støtta prosjekt som har som mål å "open up a free space in Europe for writers from all over the world to connect and release their stories". Eit av underprosjekta i Sverige og Norge er "Mem u Zin - Kurdiske stemmer i Skandinavia". Fleire av forfattarane deltok også i Stavanger og Oslo på liknande arrangement 10. og 11.9.

Forfattaren og forskaren Nazand Begikhani kom heilt frå Frankrike. Ho forskar på vold mot kvinner, har doktorgard i litteratur fra Sorbonne og er tilsett på University of Bristol.

Nettverksmøte og lansering av DFB si nye heimeside 9. oktober

Det blir nettverksmøte i Det flerkulturelle biblioteknettverket fredag 9. oktober i ABM-utvikling sine lokaler i Oslo kl 12:00 - 15:00. Tema denne gongen er mellom anna familielæring. Same dag lanserar Det fleirkulturelle bibliotek si nye heimeside i dei same lokala frå kl 10:00 - 12:00. Sjå heile invitasjonen

onsdag 23. september 2009

Arabiautstilling i Kinsarvik

Kinsarvik bibliotek har no Arabia- utstilling som me har lånt frå det fleirspråklege bibliotek.Utstillinga inneheld eit utval arabiske bøker på norsk, engelsk og arabisk, plkatar med informasjon om arabisk språk og arabarar og ikkje minst tre flasker med arabisk parfyme og to posar med godteri. Det siste får mange til å gå oppsøkja utstillinga og bli interesserte.





Kunstutstilling i Ullensvang


23.09. opna biblioteket ei utstilling med bilete av Mustafa Al Bayati. Mustafa kom til Noreg for omlag 10 år sidanog bur no i Kinsarvik. Onkelen hans var den kjende irakiske poeten Abdul Wahab Al Bayati (1926–1999) som levde mykje av livet i eksil. Bileta er inspirerte av hans dikt.

onsdag 2. september 2009

Kurdiske og norske forfattarar på Bergen Off. Bibliotek

Dei norske forfattarane Frode Grytten, Pedro Carmona-Alvarez og Odveig Klyve møter dei to fribyforfattarane i Bergen Ayaz Khonsyawashan og Hossein Heidary til ein litterær heilaften! I tillegg har vi invitert dei velrenommerte kurdiske poetane Nazand Begikhani (Frankrike/England) og Baroj Akrayi (Stockholm). Sjå plakat

Tid og stad: 9. september, kl. 19.30, Hovedbiblioteket, Strømgaten 6.
Gratis inngang, ope for alle! Velkomen til ein spanande litteraturkveld på biblioteket!

fredag 7. august 2009

Deichman opnar verda for deg!

Det flerspråklige bibliotek har som hovudmål å gjennom si verksemd setje biblioteka i stand til å delta i arbeidet med å utvikle Norge til eit positivt og livskraftig fleirkulturelt samfunn. Les Årsmelding 2008 for DFB (pdf)

mandag 6. juli 2009

Hylleskilt på to språk



Det flerspråklige bibliotek har laga tospråklige hylleskilt på mange språk. Skilta kan fritt brukast av alle bibliotek.

Det er skilt på følgjande språk: Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, serbisk, kroatisk, bulgarsk, burmesisk, dari, esperanto, estisk, finsk, fransk, færøysk, gresk, grønlandsk, hebraisk, hindi, islandsk, italiensk, kinesisk, kurdisk, latvisk, litauisk, makedonsk, nederlandsk, pashto, persisk, polsk, portugisisk, rumensk, russisk, slovakisk, somali, swahili, spansk, tagalog, tamil, thai, tigrinja, tjekkisk, tyrkisk, tysk, ungarsk, urdu og vietnamesisk.

Over ser du det arabiske hylleskiltet.
Sjå alle skilta (pdf)

onsdag 24. juni 2009

Velkomen til biblioteket - roll-up

Fylkesbiblioteket har fått laga ein roll-up (sjå eksempel på roll-up) med same utforming og innhald som Velkomen til biblioteket-plakaten. Roll-upen er til utlån for folkebiblioteka i Hordaland, til dømes til bruk ved arrangement eller for å profilere biblioteket sine fleirkulturelle tenester. Dersom ditt bibliotek ønskjer å låne denne, ta kontakt med elin.golten@post.hfk.no

onsdag 10. juni 2009

Velkomen til biblioteket - på 26 ulike språk!


Gjennom prosjektet er det blitt utforma plakat og bokmerke med "Velkommen til biblioteket" - og velkommen på 26 ulike språk. Filene til plakat (pdf) og bokmerke (pdf) kan lastes ned i format klar til trykking. Folkebiblioteka i Hordaland vil få dette materialet tilsendt per post. Alle andre bibliotek er velkomne til å laste ned filene, og ta i bruk plakat og bokmerke.

tirsdag 9. juni 2009

Bibliografi

I prosjektet har vi laga ein bibliografi (pdf) som skal vere eit utgangspunkt for korleis biblioteka kan nytte nytt materiale og eksisterande samlingar til å setje saman utstillingar som har som mål å:
1. Gje informasjon om Noreg, og auke forståing for norsk kultur og samfunn.
2. Gje informasjon om andre (spesifikke) land, og auke forståing for kultur og samfunn i dette landet.

Slik kan biblioteket sine samlingar aktivt nyttast for å auke sosial og kulturell forståing.

søndag 7. juni 2009

Kontakt med mottaksapparatet i kommunen

Fjell kommune har vore forsøkskommune i prosjektet, og har oppretta kontakt med mottaksapparatet flyktningar og innvandrarar i sin kommune (introduksjonsavdelinga). Som tips og inspirasjon til andre kommunar som skal setje i gang med eit slikt samarbeid, finn de her eksempler på Presentasjon av biblioteket i ein introduksjonsklasse (pdf) og Opplegg for bibliotekbesøk for introduksjonsklasse (pdf).

fredag 5. juni 2009

Bibliotekbrosjyrer på mange språk

Vi har nytta logoen for Vidsyn saman med informasjonstekst om biblioteka sine tenester - teksten er utarbeidd av Det flerspråklig bibliotek. Dette har resultert i ferdig utforma bibliotekbrosjyrer på mange språk albansk, arabisk, bosnisk, finsk, fransk, russisk, somali, spansk, tyrkisk, vietnamesisk og norsk (alle i pdf).

fredag 22. mai 2009

tirsdag 17. februar 2009

Erfaringskonferansen overstått!

Glimt frå utstillinga under Vidsynkonferansen.
Dyktige innleiarar gjorde dagen innhaldsrik og nyttig.
Torgeir Skorgen frå UiB heldt foredraget "Noen må åpne opp og invitere inn", som handla om integreringspolitikk i teori og praksis.
Amir Tanovic, rådgjevar ved introduksjonsavdelinga i Asker kommune, snakka om landflyktighet; historisk utvikling på nasjonalt plan og klargjorde sentrale begrep.
Ragnhild Aasvang frå IMDI Vest snakka om innvandrarbefolkninga i Hordaland, og Aud Jorunn Aano, leiar av Internasjonalt bibliotek i Stavanger, snakka om erfaringar, aktivitetar og arbeidsmetodar med fleirkulturelle tjenester.
Frå utstillinga "Den magiske kappen" som for tida står
utstilt i Fjell Folkeboksamling. Anbefalast!

Bibliografien prosjektet har satt saman:
(denne kan sendast på e-post om ønskjeleg. Etter kvart vert han lagt ut her på bloggen)


Meir frå utstillinga:



Eventyr:





onsdag 4. februar 2009

Velkommen til konferanse!



Erfaringskonferansen fleirkulturelle bibliotektenester

Velkomen til erfaringskonferanse for Prosjekt vidsyn!
På konferansen vil resultat frå prosjektet bli presentert, og det er invitert innleiarar med ulik erfaring frå bibliotek og integreringsarbeid.
Vi håper at konferansen vil inspirere til vidare arbeid lang utover mangfaldsåret!
Dato: 13. februar 2009
Stad: Møterom Vestland, fylkesbygget Bergen
Tid: 10.00 – 15.00
Pris kr 300,-