torsdag 10. desember 2009

Felleskjøpet 2010 - kjøp bøker på minoritetsspråk

Felleskjøpet er eit årleg tilbod frå Det flerspråklige bibliotek (DFB) til folke- og skulebibliotek. Tilbodet går ut på innkjøp av bøker på minoritetsspråk, og gjev biblioteka høve til å byggje opp eigne samlingar på dei språka som er mest etterspurt. Nytt av året er bøker på det afganske språket dari.

DFB tilbyr biblioteka eit utval aktuelle titlar til konkurransedyktig pris. Utvalet blir gjort av bibliotekarar ved DFB i samarbeid med deira språkkonsulentar. Bøkene blir tilbudt som ferdige pakkar, og blir levert fraktfritt og ferdig katalogisert. Meir informasjon og bestillingsskjema

torsdag 22. oktober 2009

Utstilling med Den lille prinsen på mange språk

Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry er ei av verdas mest selde bøker. Sjølv om boka tilsynelatande er for born, tar den opp mange tema som er minst like interessante for vaksne.

Det flerspråklige bibliotek tilbyr biblioteka ei utstilling med Den lille prinsen på mange språk. I tillegg til bøker følgjer det med flotte gjenstander og plakatar med motiv frå boka. Det er to utstillingspakkar på ca 20 bøker kvar, og dei er klare for utlån i midten av november. Du kan reservere utstillinga allereie no. Utsending vil vere etter "førstemann til mølla"-prinsippet. Utlånstida er fire veker. For meir informasjon eller bestilling, kontakt Drifa Gudmundsdottir på tlf. 23 43 28 58 eller e-post drifa.gudmundsdottir@kul.oslo.kommune.no

tirsdag 20. oktober 2009

Nyttige nettstader

Det flerspråklege bibliotek lanserte ny nettstad 9. oktober. Her finn du nyttige bibliotektenester i ny drakt: http://dfb.deichman.no/

Du finn nettstaden for NBF si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester - FlerKult her: http://www.flerkult.no/ Flerkult har også ein Ressursbank på sine nettsider, der du kan finne tips og råd i samband med fleirkulturelle bibliotektenester.

mandag 5. oktober 2009

Mange kom for å møte kurdiske og norske forfattarar

Ca. 75 menneske med kurdisk, iransk og norsk bakgrunn fylte musikkavdelingen i Bergen Off. Bibliotek kvelden 9.9.09 og fekk møte kurdiske og norske forfattarar.

Sjå bilete frå arrangementet.

Dei to fribyforfattarane i Bergen, Ayaz Khonsyawashan og Hossein Heidary, er kurdarar frå Iran. Fribyorganisasjonen Icorn har igangsatt eit stort EU-støtta prosjekt som har som mål å "open up a free space in Europe for writers from all over the world to connect and release their stories". Eit av underprosjekta i Sverige og Norge er "Mem u Zin - Kurdiske stemmer i Skandinavia". Fleire av forfattarane deltok også i Stavanger og Oslo på liknande arrangement 10. og 11.9.

Forfattaren og forskaren Nazand Begikhani kom heilt frå Frankrike. Ho forskar på vold mot kvinner, har doktorgard i litteratur fra Sorbonne og er tilsett på University of Bristol.

Nettverksmøte og lansering av DFB si nye heimeside 9. oktober

Det blir nettverksmøte i Det flerkulturelle biblioteknettverket fredag 9. oktober i ABM-utvikling sine lokaler i Oslo kl 12:00 - 15:00. Tema denne gongen er mellom anna familielæring. Same dag lanserar Det fleirkulturelle bibliotek si nye heimeside i dei same lokala frå kl 10:00 - 12:00. Sjå heile invitasjonen

onsdag 23. september 2009

Arabiautstilling i Kinsarvik

Kinsarvik bibliotek har no Arabia- utstilling som me har lånt frå det fleirspråklege bibliotek.Utstillinga inneheld eit utval arabiske bøker på norsk, engelsk og arabisk, plkatar med informasjon om arabisk språk og arabarar og ikkje minst tre flasker med arabisk parfyme og to posar med godteri. Det siste får mange til å gå oppsøkja utstillinga og bli interesserte.





Kunstutstilling i Ullensvang


23.09. opna biblioteket ei utstilling med bilete av Mustafa Al Bayati. Mustafa kom til Noreg for omlag 10 år sidanog bur no i Kinsarvik. Onkelen hans var den kjende irakiske poeten Abdul Wahab Al Bayati (1926–1999) som levde mykje av livet i eksil. Bileta er inspirerte av hans dikt.