fredag 27. august 2010
Det mångspråkiga Biblioteket
I Västra Götalandsregionen i Sverige pågår det eit EU-prosjekt finansiert av Det europeiske sosialfond (ESF). Prosjektet ber namnet "Det mångspråkiga biblioteket - utveckling av interkulturella mötesplatser" og blir leia frå Väst Regionbiblioteket. Prosjektet er eit kompetanseutviklingsprosjekt for bibliotektilsette. Besøk gjerne bloggen til prosjektet for meir informasjon.
fredag 6. august 2010
Ny i Norge - som bok eller på nett

Boka "Ny i Norge" er utarbeidd for arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmer. Boka tek sikte på å gje viktig informasjon om det norske samfunn med opplysningar frå offentlege etatar og rettar og pliktar, praktiske råd og tips.
Boka er utgitt av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og er tilgjengeleg på polsk, engelsk og norsk.
Bestill bok kostnadsfritt frå IMDI på bestilling@imdi.no, eller les boka på nett på http://www.nyinorge.no/
torsdag 24. juni 2010
Leseåret 2010 - tiltak retta mot minoritetsspråklege i Hordaland
To bibliotek i Hordaland har fått tilskot frå ABM-utvikling til kvar sitt prosjekt i Leseåret 2010, begge retta mot minoritetsspråklege.Kvinnherad bibliotek vil motivere til lesing blant minoritetsspråklege elevar i innføringsklasse i ungdomsskule/ VGS. Prosjektet har tittelen "Nye i Kvinnherad les!" og inneber forfattarbesøk med Amal Aden i innføringsklassen, samt ope arrangement med forfattaren i biblioteket.
Sund folkebibliotek har kalla sitt prosjekt "Innvandrerkvinner. Les for barnet ditt", og har fokus på å bevisstgjere og stimulere minoritetsspråklege foreldre til å lese høgt for borna sine heime. Tiltak i prosjektet er mellom anna lesesirkel, bokpresentasjon og forfattarbesøk.
mandag 22. februar 2010
Morsmålsdagen 21. februar 2009
Søndag 21. februar var det den internasjonale morsmålsdagen - innstifta av UNESCO i 1999.Informasjon om morsmålsdagen.
Det kan vere verdt å kikke på temasida http://www.morsmal.no/ som er under utvikling som eit norsk-svensk samarbeidsprosjekt, primært for morsmålslærarar, men også for foreldre, elevar og andre interesserte. Nettsida www.morsmal.no er eit resultat av Stortingsmelding 23 (2007-2008) Språk bygger broer.
torsdag 10. desember 2009
Felleskjøpet 2010 - kjøp bøker på minoritetsspråk
Felleskjøpet er eit årleg tilbod frå Det flerspråklige bibliotek (DFB) til folke- og skulebibliotek. Tilbodet går ut på innkjøp av bøker på minoritetsspråk, og gjev biblioteka høve til å byggje opp eigne samlingar på dei språka som er mest etterspurt. Nytt av året er bøker på det afganske språket dari.
DFB tilbyr biblioteka eit utval aktuelle titlar til konkurransedyktig pris. Utvalet blir gjort av bibliotekarar ved DFB i samarbeid med deira språkkonsulentar. Bøkene blir tilbudt som ferdige pakkar, og blir levert fraktfritt og ferdig katalogisert. Meir informasjon og bestillingsskjema
torsdag 22. oktober 2009
Utstilling med Den lille prinsen på mange språk
Den lille prinsen av Antoine de Saint-Exupéry er ei av verdas mest selde bøker. Sjølv om boka tilsynelatande er for born, tar den opp mange tema som er minst like interessante for vaksne.Det flerspråklige bibliotek tilbyr biblioteka ei utstilling med Den lille prinsen på mange språk. I tillegg til bøker følgjer det med flotte gjenstander og plakatar med motiv frå boka. Det er to utstillingspakkar på ca 20 bøker kvar, og dei er klare for utlån i midten av november. Du kan reservere utstillinga allereie no. Utsending vil vere etter "førstemann til mølla"-prinsippet. Utlånstida er fire veker. For meir informasjon eller bestilling, kontakt Drifa Gudmundsdottir på tlf. 23 43 28 58 eller e-post drifa.gudmundsdottir@kul.oslo.kommune.no
tirsdag 20. oktober 2009
Nyttige nettstader
Det flerspråklege bibliotek lanserte ny nettstad 9. oktober. Her finn du nyttige bibliotektenester i ny drakt: http://dfb.deichman.no/
Du finn nettstaden for NBF si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester - FlerKult her: http://www.flerkult.no/ Flerkult har også ein Ressursbank på sine nettsider, der du kan finne tips og råd i samband med fleirkulturelle bibliotektenester.
Du finn nettstaden for NBF si spesialgruppe for fleirkulturelle bibliotektenester - FlerKult her: http://www.flerkult.no/ Flerkult har også ein Ressursbank på sine nettsider, der du kan finne tips og råd i samband med fleirkulturelle bibliotektenester.
Abonner på:
Innlegg (Atom)