mandag 5. oktober 2009

Mange kom for å møte kurdiske og norske forfattarar

Ca. 75 menneske med kurdisk, iransk og norsk bakgrunn fylte musikkavdelingen i Bergen Off. Bibliotek kvelden 9.9.09 og fekk møte kurdiske og norske forfattarar.

Sjå bilete frå arrangementet.

Dei to fribyforfattarane i Bergen, Ayaz Khonsyawashan og Hossein Heidary, er kurdarar frå Iran. Fribyorganisasjonen Icorn har igangsatt eit stort EU-støtta prosjekt som har som mål å "open up a free space in Europe for writers from all over the world to connect and release their stories". Eit av underprosjekta i Sverige og Norge er "Mem u Zin - Kurdiske stemmer i Skandinavia". Fleire av forfattarane deltok også i Stavanger og Oslo på liknande arrangement 10. og 11.9.

Forfattaren og forskaren Nazand Begikhani kom heilt frå Frankrike. Ho forskar på vold mot kvinner, har doktorgard i litteratur fra Sorbonne og er tilsett på University of Bristol.

Nettverksmøte og lansering av DFB si nye heimeside 9. oktober

Det blir nettverksmøte i Det flerkulturelle biblioteknettverket fredag 9. oktober i ABM-utvikling sine lokaler i Oslo kl 12:00 - 15:00. Tema denne gongen er mellom anna familielæring. Same dag lanserar Det fleirkulturelle bibliotek si nye heimeside i dei same lokala frå kl 10:00 - 12:00. Sjå heile invitasjonen

onsdag 23. september 2009

Arabiautstilling i Kinsarvik

Kinsarvik bibliotek har no Arabia- utstilling som me har lånt frå det fleirspråklege bibliotek.Utstillinga inneheld eit utval arabiske bøker på norsk, engelsk og arabisk, plkatar med informasjon om arabisk språk og arabarar og ikkje minst tre flasker med arabisk parfyme og to posar med godteri. Det siste får mange til å gå oppsøkja utstillinga og bli interesserte.





Kunstutstilling i Ullensvang


23.09. opna biblioteket ei utstilling med bilete av Mustafa Al Bayati. Mustafa kom til Noreg for omlag 10 år sidanog bur no i Kinsarvik. Onkelen hans var den kjende irakiske poeten Abdul Wahab Al Bayati (1926–1999) som levde mykje av livet i eksil. Bileta er inspirerte av hans dikt.

onsdag 2. september 2009

Kurdiske og norske forfattarar på Bergen Off. Bibliotek

Dei norske forfattarane Frode Grytten, Pedro Carmona-Alvarez og Odveig Klyve møter dei to fribyforfattarane i Bergen Ayaz Khonsyawashan og Hossein Heidary til ein litterær heilaften! I tillegg har vi invitert dei velrenommerte kurdiske poetane Nazand Begikhani (Frankrike/England) og Baroj Akrayi (Stockholm). Sjå plakat

Tid og stad: 9. september, kl. 19.30, Hovedbiblioteket, Strømgaten 6.
Gratis inngang, ope for alle! Velkomen til ein spanande litteraturkveld på biblioteket!

fredag 7. august 2009

Deichman opnar verda for deg!

Det flerspråklige bibliotek har som hovudmål å gjennom si verksemd setje biblioteka i stand til å delta i arbeidet med å utvikle Norge til eit positivt og livskraftig fleirkulturelt samfunn. Les Årsmelding 2008 for DFB (pdf)

mandag 6. juli 2009

Hylleskilt på to språk



Det flerspråklige bibliotek har laga tospråklige hylleskilt på mange språk. Skilta kan fritt brukast av alle bibliotek.

Det er skilt på følgjande språk: Albansk, amharisk, arabisk, bosnisk, serbisk, kroatisk, bulgarsk, burmesisk, dari, esperanto, estisk, finsk, fransk, færøysk, gresk, grønlandsk, hebraisk, hindi, islandsk, italiensk, kinesisk, kurdisk, latvisk, litauisk, makedonsk, nederlandsk, pashto, persisk, polsk, portugisisk, rumensk, russisk, slovakisk, somali, swahili, spansk, tagalog, tamil, thai, tigrinja, tjekkisk, tyrkisk, tysk, ungarsk, urdu og vietnamesisk.

Over ser du det arabiske hylleskiltet.
Sjå alle skilta (pdf)